Ecoprot har sammen med NIBIO, Invertapro AS, Norinsect, Flying Feed Fredrikstad AS og Jaastad Planteskule fått innvilget Innovasjonsprosjekt i Næringslivet hos Norges Forskningsråd. Bevilgningen er på totalt 8,8 millioner
Prosjektsammendrag:Produksjon av insektlarver som proteinkjelde til fôr er ei aukande næring globalt og no også nasjonalt. Insektlarver inneheld opp mot 50 % protein, og har evne til å leve på mange ulike organiske matkjelder. Produksjon av insektlarver gjev også eit organisk restavfall. Desse restane, larvefrass, inneheld restar av larvematen, insekthud og insektavføring. På grunn av innhaldstoff og funksjon har larvefrass potensiale til å verte eit høgverdig produkt med gjødlings-, jordforbetrande-, biostimulerande- og plantestyrkande evne. Prosjektet har som mål å utvikle eit høgverdig nytt produkt basert på organisk avfall. Saman med insektlarver til protein vil produkt av larvefrass gje 100 % utnytting av dagens organiske avfall, og gje insektbedriftene to bein å stå på. Ecoprot AS vil, saman med tre andre insektbedrifter og ein planteprodusent, skaffe dokumentert kunnskap, etablere eit erfarings- og kunnskapsbasert samarbeid og utvikle eit multifunksjonelt produkt. Gitt dagens prisar for gjødsel og plantevernmiddel vil ei vellukka produktutvikling basert på larvefrass utgjere ein verdi frå 200 mill til 2 mrd kroner.Korleis insektart, larvemat og forbehandling påverkar innhald av næringsstoff og mikroorganismar i frasset skal kartleggjast i prosjektet. Vidare skal effekten av ulike typar larvefrass på jordkvalitet, biologisk aktivitet i jord og plantevekst undersøkjast. Korleis frass påverkar plantekvalitet og motstandskraft mot planteskadegjerarar og stress skal undersøkjast både hjå næringspartnarar og under kontrollerte tilhøve. Resultata vil leggje føring på val av restråstoff og insektart hjå bedriftene.Verdiskaping og inntjening er avhengig av rammebetingelsar, eigenskapane til produktet og marknaden sin betalingsvilje. Marknadspotensiale for frassprodukt skal undersøkjast med intervju av marknadsaktørar på distribusjons- og kjøparsida, innhenting av pris, volum og produksjonskostnader og med vurdering av konkurranseevne basert på systemanalyse av marknaden for gjødsel.
Legg igjen en kommentar
Du må være innlogget for å kunne kommentere.